Kultur og fritid, Valle kommune Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Ungdomsarbeidar Oppstart 11. august 2025 Type ansettelse Vikariat, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest onsdag 28. mai Er du kreativ, initiativrik og brenn for å jobbe med ungdom? Valle kommune søkjer ein ungdomsarbeidar til Kultur og fritid, ettersom vår gode ungdomsarbeidar skal ha eitt års permisjon. Du vil få ansvaret for juniorklubb og ungdomsklubb, og å planleggje og gjennomføre spennande aktivitetar og arrangement. Vi ser etter deg som har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å engasjere barn og unge. Arbeidsoppgåver Drift av juniorklubb for 5.7. klasse og ungdomsklubb for 8.10. klasse. Planlegging og gjennomføring av arrangement og aktivitetar, etter eige initiativ og i samarbeid med andre. Tverrfagleg samarbeid med bibliotek, kulturskule og andre tenester innaføre eigen organisasjon. Initiere samarbeid med det frivillige og andre aktuelle samarbeidspartnarar i lokalmiljøet. Delta i arbeidet med å utvikle eit aktivitetstilbod i nye Valle kultursenter som opnar våren 2026. Ein del arbeid på kveldstid, og også noko i helger etter nærare avtale. Kvalifikasjonar Stillinga har ikkje krav til fagutdanning, men du må ha erfaring med arbeid med barn og unge. Erfaring med planlegging av arrangement, og kunne leggje til rette for ulike typar aktivitetar for barn og unge. Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg. Digital kompetanse, må kunne bruke digitale verktøy og plattformer effektivt for å nå ut til og engasjere ungdom. Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit. Førarkort klasse B. Personlege eigenskapar Genuin interesse for å jobbe med barn og unge, deira utvikling og trivsel og eit godt oppvekstmiljø. Gode kommunikasjonsferdigheiter, evnar å fange opp barn og unge sine behov. Jobbar kreativt og strukturert med å utvikle og gjennomføre engasjerande og varierte aktivitetar og arrangement. Evne til å involvere barn og unge i planlegging og gjennomføring av aktivitetar. Tek ansvar for eigne oppgåver og gjennomfører aktivitetar og arrangement på ein trygg og profesjonell måte. Ein god lagspelar som kommuniserer ope, godt og effektivt med kollegaer og samarbeidspartnarar. Vi tilbyr Vikariat for skuleåret 2025/2026. Stillinga følgjer skulen sine feriar og fridagar (komprimert årsverk. Stillinga er i utgangspunktet på 100 %, men kan delast på to personar dersom føremålsteneleg. Løn i samsvar med tariff. Bedriftsleiligheit i Kristiansand. Svært gode pensjons - og forsikringsordningar. Barnehage og SFO-tilbod med vekt på fysisk aktivitet, leseglede og kulturarven vår. Full kulturskuledekning. Vakker natur med mange høve for friluftsliv til alle årstider. Ei triveleg bygd å bu i. Eit dynamisk og støttande arbeidsmiljø. Delta i planlegginga av innhald og aktivitetar i nye Valle kultursenter som opnar våren 2026. Moglegheit til å gjere ein forskjell. **Viktig for søknaden din**: CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova -25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt. Kontaktinformasjon Arbeidsstad Kjellebergsvegen 1 4747 Valle **Nøkkelinformasjon**: **Arbeidsgivar**: Valle kommune **Referansenr.**: 4965760647 **Stillingsprosent**: 100% Vikar **Startdato**: 11.08.2025 **Sluttdato**: 19.06.2026 **Søknadsfrist**: 28.05.2025 Kontaktperson for stillingen Torunn Charlotte Nyberg Leiar Kultur og fritid +4797061587 Om bedriften Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar. Sektor Offentlig Nettsted Annonsedata Stillingsnummer 2942342 Hentet fra talentech Referanse c5e52668b88f402ca1a331f2175713c5